Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg.

Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Her er det fantastisk og luftig utsikt.

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Fotturen til Trolltunga går i høgfjellet, tar 8-10 timar t/r og høgdeforskjellen er ca. 900 meter. Trolltunga er tilgjengeleg frå omlag midten av juni til midten av september. Dette er ein tur som høver for folk i normalt god form. Planlegg godt og start tidleg på dagen. Det er inga mobiltelefondekning undervegs.

Frå Odda køyrer ein til Tyssedal på riksveg 13. Deretter føl ein skilting frå Tyssedal mot Skjeggedal. Det er om lag 7 km å køyre inn til parkeringsplassen. Det kostar 100 kr. pr. dag å parkere her og 300 kr. for årskort. Pengane går til tiltak i området. Fotturen startar på høgre side av Mågelibanen (ikkje drift) og er merka med raude T’ar og skilt i stikryss.

Om ein vil overnatte på turen må ein ta med telt.

All ferdsel i naturen og bruk av informasjon er på eige ansvar. Du må sjølv vurdere om du er i god nok form og har rett fjellutstyr for turen. Hugs godt fottøy, gode klede, mat, drikke, kart og kompass. Sjekk vervarsel for området. Vis respekt for naturen og fjellet!

I tidsrommet 1. juli- 31. august går det bussrute mellom Odda og Skjeggedal. Meir informasjon om rutetider.

Kontakt Odda turistkontor eller Odda Camping for meir detaljert informasjon om turen, overnatting og kart.

NB: Turen til Trolltunga kan for noen ta lengre tid enn planlagt. Husk å kontakte Odda Camping om du planlegger å gå Trolltunga før du sjekker inn samme dag for å gi beskjed om at du kommer seint. Det er nå mobil dekning på turen til Trolltunga.

warningtrolltungasmall

Click for larger image.